VMT_skyvedorskarm_medium

Vossakarmen

Vossakarmen frå Voss Møbel og Trevareverkstad er eit velkjent kvalitetsprodukt som finst i titusenvis av norske heimar, såvel som i bedrifter og offentlege bygg som Den Norske Opera.

VOSSAKARMEN er eit kvalitetsprodukt frå
Voss Møbel og Trevareverkstad A/S.

VOSSAKARMEN som har eigenutvikla beslag, fyller alle tekniske krav, og er særleg brukarvennleg for funksjonshemma.

VOSSAKARMEN er avstiva med kraftige stålprofilar på kvar side av dørbladet. Toppskinna i overkarmen er av kraftig aluminiumsprofil. Opphengsbeslaget har doble boggi hjul av sjølvsmørjande nylon. Opphengsbeslaget kan leverast med nålelager for kompakte tunge dørblad.

Kan leverast som

  • 1-fløya skyvedørskarm
  • 2-fløya skyvedørskarm med begge dørblada skjult i vegg på samme side
  • 2-fløya skyvedørskarm med eit fast felt og eit skyvbart felt
  • 2-fløya skyvedørskarm

Skyvedørskarm kan lagast etter spesialmål.

Her kan du lasta ned brosjyrar og monteringsanvisningar. Du kan også ta kontakt dersom du behøver meir informasjon eller opplysning om næraste forhandlar.