Våre produkt

Vårt fokus er kvalitet og funksjonalitet. Me har moderne maskiner for effektiv produksjon, samstundes som me kan tilpassa produkta til kunden sine behov. Brosjyrar, monteringsanvisningar og FVD-dokumentsasjon finst på produktsidene nedafor.

Skyvedørskarm

Vossakarmen frå Voss Møbel og Trevareverkstad er eit velkjent kvalitetsprodukt som finnest i titusenvis av norske heimar, såvel som i bedrifter og offentlege bygg som Den Norske Opera

Loftstrapp

Den patenterte clickFIX®-teknologien gir ein fantastisk isoleringsverdi og den raskeste og mest effektive monteringen på markedet.

Hemsetrapp

Hemsetrappa er ein lett og enkel hemstrapp med håndlist og kotelettrinn. Trinn, vanger og håndlist er utført i massiv ubehandla gran.

Inspeksjonsluke

Dette er ei flott og enkel kottdør med kvitmåla dør, med 50 mm isolering i polystyren. Den gode isoleringen og den unike konstruksjonen gjer den lufttett og hindrar derfor trekk.

Miljøsertifisert

Voss Møbel og Trevare er sertifisert gjennom den strengaste skogsertifiserings-ordningen i verda. Dette gjev oss tryggleik om at skogane vert drivne på ein ansvarleg måte.

fsc-2026

Voss møbel- og trevareverkstad

Voss Møbel og Trevareverkstad A/S produserer loftstrapper, skyvedørskarmer og inspeksjonsluker. Vi leverer til Norge og resten av Norden gjennom våre forhandlarar. Vi skreddersyr løysingar når det trengst, og leverer produkta i ulike treslag, ubehandla eller målt.

Retningslinjer for råvarer og sosialt ansvar

VMT skal i sin råvarebehandling, produktsjon og salg av trevareprodukt syta for at bedrifta vert driven på ei så skånsom måte som mogleg, for miljø og for dei tilsette.

Me er Miljøfyrtårn

Voss Møbel & Trevareverkstad er sertifisert som Miljøfyrtårn. Det tyder at me har eit system for miljøarbeidet, at me vert kontrollerte av ein uavhengig sertifisør, og at me rapporterer tal for energi, avfall, transport og utslepp kvart år.

Dette er det viktigaste me gjer:

  • Alt treverk me brukar er FSC-sertifisert.
  • Me lagar produkt som skal vara i mange år, og me leverer reservedelar også til gamle produkt.
  • Fabrikken vert varma opp med spon og flis frå vår eigen produksjon.
  • Me brukar berre vassbasert måling.
  • Kapp og restar går tilbake i produksjonen eller vert til varme. Resten sorterer me.
  • Firmabilane og truckane vert bytte til elektriske etter kvart som dei vert skifta ut.
  • Tala våre er opne. Du finn miljøstatistikken vår hjå Miljøfyrtårn her(opens in new tab).

Har du spørsmål eller innspel til miljøarbeidet vårt? Send ein e-post til post@vmt.no.