Isolert inspeksjonsluke frå Voss Møbel og trevareverkstad

 

Standard luke

VMT inspeksjonsluke er ei underfalsa inspeksjonsluke, med kvitgrunna front. Den består av ei luke med skjulte hengsler og karm som gir ein fin utsjånad.

Ei kraftig treramme og pålimte plater på begge sider av luka gjer luka solid.

Inspeksjonsluka har 60 mm isolering som forhindrar trekk og varmetap.

Vert levert med laus vrider og tetningslister. Enkel å montera både som venstre- og høgrehengsla.

LUKENE KAN LEVERAST ETTER SPESIALMÅL.